fredag 7. september 2007

SP satser på barn og unge


Det er viktig at me har gode tilbud til barn og unge i kommunen. Dette kan bidra til at dei også flytter tilbake til kommunen etter endt utdanning. SP har derfor mange gode forslag til tiltak for denne gruppa.
SP er klar på at me må ha full barnehagedekning og at me investerer for å greie dette. Me støtter derfor at ein skal vurdere ny barnehage i senterområdet. Vidare må me ha ei skulefritidsordning som fungerer for ungane og foreldra.
Me i SP er opptatt av at elevane i skulen skal ha andre tilbud enn berre teori. Me oppfordrer derfor til at ein nyttar tilbud som på Rongevær og Midttun gard. Dette er med på å gjera skuledagen lettare for mange.
SP meiner også at å begynne skuledagen med frukost fører til elevar som er meir mottakelige for læring. Me vil derfor arbeide for at ein skal få gratis skulefrukost i ungdomsskulen.
Men så må ungdomen også ha noko å gjera på fritida. Her har me ei stor og viktig oppgave i kommande periode. SP vil bruke forslaga frå oppvekstgruppa som har jobba siste året og arbeide for at me set av pengar i budsjettet til nye tiltak. Me mangler ungdomstilbud i begge deler av kommunen og dette må bli eit av dei høgast prioriterte tiltaka. Felles aktivitetar for alle ungdomane i kommunen er også viktig for å få eit felles ungdomsmiljø i kommunen.

Av andre viktige tiltak vil eg nevna:
- vidare utvikling av aktivitetane i Austrheimhallen
- jobbsentral for ungdom
- støtte utbygging av idrettsparken
- ny sømjehall på Mongstad i samarbeid med Lindås og industrien
- bruke barne- og ungdomsrådet aktivt i saker som gjeld denne gruppa
- vidare utvikling av studietilbudet ved Austrheim vidaregåande skule.

SP meiner at me har eit svært godt program for barn og unge. Me veit at me vil ha eit stramt budsjett også dei neste åra, men SP vil kjempa for at støtta til barn og unge skal aukast. Me vil kanskje ikkje få gjennomført alt, men me vil arbeide aktivt for å få vedteke så mykje som mulig i kommande periode.
Kva meiner du?
Kan du tenkja deg å stemma Senterpartiet?

torsdag 6. september 2007

Politisk debattmøte

Onsdag kveld var det politisk debattmøte i Austrheim der 5 av 6 parti deltok. FrP kunne dessverre ikkje møta.
Det var første gang eg var med på ein slik debatt så det var både spennande og utfordrande.
Det var ca. 50 tilhørarar. Møtet varte i 3 timer uten pause så det vart ganske krevande.
Det som kom fram i debatten er at partia i Austrheim er ganske enige om det aller meste. Det er nokre saker som skil oss, men ikkje meir enn at dei aller fleste kan samarbeide i det nye kommunestyret.
Det var fleire tema som vart debattert, og det aller siste temaet i debatten var kommune-økonomi. Det passa oss i Senterpartiet svært godt. Her kunne eg påpeika at Senterpartiet har statsrådar i Kommunal-, Samferdsels- og Landbruks-departementet. Alle 3 departement har auka budsjetta betydelig og mykje meir enn forrige regjering, og dette er midlar som i stor grad kjem distrikta til gode. Så min påstand var at Senterpartiet er garantisten på at noverande regjering vil satse på distrikta og at me viser det i praksis.
Ingen var uenige i dette så eg fekk i allefall ein god avslutning på debatten.
Så får me sjå kva resultata blir på valdagen.

torsdag 16. august 2007

Vardetangen - lengst vest i vakker natur


Ser at det har vore diskusjon om vestlegaste punkt på fastlandet i media siste tida. Her er et bilde fra Vardetangen i Austrheim med ein merkestein plassert ytterst på tangen.
Me har svært populære turløyper som går ut til dette punktet. Fin natur med mange holmer og øyer er noko av det som særpregar Austrheim og som trekkjer folk til kommunen.
Gode turstiar og vedlikehald av kulturlandskapet er noko av det SP vil arbeide for i kommande periode.

mandag 13. august 2007

Energi- og miljøtiltak er viktig, også lokalt


Verda rundt oss er i endring, og me må auke fokus på energibruk og miljøspørsmål. Det er viktig at me tar klimatrusselen på alvor, og dette gjeld også for kommunen, bedriftene og innbyggjarane.
Austrheim SP vil derfor arbeide for at kommunen set i gang forbetringstiltak innafor dette området.

Me vil m.a. få utarbeidd ein energi- og miljøplan der me set klare forbetringsmål.

Av tema kan nemnast:

o energieffektiviserande tiltak i bygningar.
o enøk-prosjekt i skulane.
o effektive energiløysingar i nye bustadområde.
o meir miljøvennlig bilpark.
o auke bruken av økologisk mat.
o miljøkrav ved offentlege innkjøp.
o enøk-tiltak hjå innbyggjarane.

Eg meiner dette vert viktig å komme i gang med i kommande periode. Sjå ellers val-programmet på heimesida vår for meir info om energi- og miljøtiltak.
Kva meiner du om dette?

søndag 5. august 2007

Til sjøs

Den siste tida har det vore mykje dårleg ver, men me har likevel komme oss på sjøen nokre ganger for å fiske og setje krabbeteiner.
Og fangst er det blitt. Både lyr, makrell og krabbe har me halt ombord. Vaksne og ungar synest dette er moro.
Eg er ein av dei heldige i kommunen som har båt- og naust-plass, og eg veit at det er mange andre som kunne tenkja seg det same.
I forbindelse med arbeidet med kommuneplanen jobba me aktivt med å foreslå naust/båtplassar i dei forskjellige bygdene, men det har vore svært vanskeleg å få forslaga godkjent hjå fylkesmannen. Me må ikkje gje opp, og dette er ei av dei viktige sakene som me må jobbe vidara med i kommande periode.