Onsdag kveld var det politisk debattmøte i Austrheim der 5 av 6 parti deltok. FrP kunne dessverre ikkje møta.
Det var første gang eg var med på ein slik debatt så det var både spennande og utfordrande.
Det var ca. 50 tilhørarar. Møtet varte i 3 timer uten pause så det vart ganske krevande.
Det som kom fram i debatten er at partia i Austrheim er ganske enige om det aller meste. Det er nokre saker som skil oss, men ikkje meir enn at dei aller fleste kan samarbeide i det nye kommunestyret.
Det var fleire tema som vart debattert, og det aller siste temaet i debatten var kommune-økonomi. Det passa oss i Senterpartiet svært godt. Her kunne eg påpeika at Senterpartiet har statsrådar i Kommunal-, Samferdsels- og Landbruks-departementet. Alle 3 departement har auka budsjetta betydelig og mykje meir enn forrige regjering, og dette er midlar som i stor grad kjem distrikta til gode. Så min påstand var at Senterpartiet er garantisten på at noverande regjering vil satse på distrikta og at me viser det i praksis.
Ingen var uenige i dette så eg fekk i allefall ein god avslutning på debatten.
Så får me sjå kva resultata blir på valdagen.
torsdag 6. september 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar