Den siste tida har det vore mykje dårleg ver, men me har likevel komme oss på sjøen nokre ganger for å fiske og setje krabbeteiner.
Og fangst er det blitt. Både lyr, makrell og krabbe har me halt ombord. Vaksne og ungar synest dette er moro.
Eg er ein av dei heldige i kommunen som har båt- og naust-plass, og eg veit at det er mange andre som kunne tenkja seg det same.
I forbindelse med arbeidet med kommuneplanen jobba me aktivt med å foreslå naust/båtplassar i dei forskjellige bygdene, men det har vore svært vanskeleg å få forslaga godkjent hjå fylkesmannen. Me må ikkje gje opp, og dette er ei av dei viktige sakene som me må jobbe vidara med i kommande periode.
søndag 5. august 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Har flg kommentar til deres politikk i kommunen. Det gis dispensajoner til private aktører å bygge fire og to mannsboliger i kommunen.Begrunnes i at kommunen har behov for dette.At disse etableres i allerede utbygde felt med einebustader,mener vi er helt på jordet. Dette blir bare gjennomgansboliger, dette mener jeg på bakgrunn av samtaler med potesielle kjøpere som sier at de bare ønsker å ha et bosted et par år av ulike årsaker. Kommunen burde heller kjøpt opp disse småtomtene til friarealer,da det stadig synes å bli mindre av dette her ute. Hytter dukker opp alle steder med folk som hverken legger igjen penger på butikker(har alle varer med seg).I-tillegg er det eldre folk som kommunen bare vil få utlegg med påsikt, uten at de har lagt igjen en skattekrone.
Godt val:)
mvh jon
Hei!
Me har i ein periode hatt lite tilgjengelige tomter og då har ein akseptert f.eks tomannsboliger. No arbeider me med eit nytt stort byggjefelt ved Mastrevik torg. Då vil me få ein meir systematisk plan for arealbruken.
Når det gjeld hytter så beslutta me i siste revisjon av kommuneplanen å ikkje leggje ut nye hyttefelt. Dette var nettop for å begrense hytte-utbygging
Legg inn en kommentar